Ranglerock er skikkeleg glade i artistar som syng på morsmålet, og når dei i tillegg syng på jærsk er det storvegs!

 

Lokal Valuta leverer så det held med sine ærlege og direkte tekstar, framført med stor overtyding. På debutplata “Din feil” varierer songane frå vare balladar og viser til tung rock, men alltid med ein sterk melodi. Bryne-bandet består av Peter Time, Tjalve Braut Haarr, Ola Solheim og Magnus Ueland, og dei har raskt etablert seg som eit av dei mest spanande banda på Jæren.