Det Stavanger-baserte og delvis lokale orkesteret Blåsenborg Rekreasjonslag spelar opp til folkefest, dans og sjansing når dei kjem til Ranglerock i sommar!

 

Rekreasjonslaget har dukka djupt inn i vestarikansk kultur og framfører musikk frå den rike sjangaren afrobeat, så som Fela Kuti og Ebo Taylor. Dels konsert, dels massesuggesjon og dels performancekunst. Laget oppfordrar sakkunnige til å ta med hornet og sitta inn.

 

Ei rekke sitat frå tidlegare pulblikum:

 

«Dette er andre konserten min, faktisk! Førre gong eg var her, kom eg som incel. Nå kjem eg for å dansa med partnaren min!» – Mann 28, Tananger

 

«Det einaste eg har å utsetja på konsertane deira er at dei ikkje er lenger og/eller oftare!» – Kvinne 25, Stavanger

 

«Wooohoooo!!» – Mann 36, Stavanger

 

«Hald kjeft kor bra dette føles! Så kjekt det er å endeleg få dansa!» – Kvinne 35, Stavanger

 

Rekreasjonslaget består av: Kristoffer Alberts (saksofon), Erik Johannessen (trombone), Petter Frost Fadnes (saksofon), Erlend Lygren (perkusjon), Raymond Lavik (slagverk), Kristoffer Riis (gitar), Adrian Tvedten (keyboard), Nils Henrik Asheim (keyboard), Signe Irene Time (song) og Jens Borge (bass).