Johan Berggren har på kort tid etablert seg som éin av våre mest folkekjære visesongarar. Nå er han klar for Ranglerock.

 

Då «Lilyhamericana» kom ut i 2020, ropte anmeldarane «Arven etter Prøysen» og skildra han som «Lillehammers svar på Bjella og Hellbillies!». Året etter kom oppfølgaren «Ei hytte foran loven». Begge albuma blei nominert til Spellemannsprisen for årets countryalbum.

 

Berggren lever opp til samanlikningane. Han er ein glimrande forteljar og underhaldar. Han tolkar køntri på sitt eige vis og har forstått sjangerens sjel og hjarte. Musikken i seg sjøl er like behageleg som eit par gode, inngåtte boots. På hans fjerde studioalbum, «Takk for det meste», går Berggren endå djupare ned i køntrisalaten. Me møter dei som berre lengtar vidare, dei som aldri vil dra, skråblikk på verda og sjølransaking med glimt i auget.

 

Berggren tek med seg backingbandet Trøgstad Musikkompani til Ranglerock, så det kjem til å ei salig stund i køntrihimmelen med orgelbrus og «pedal steel»-perler.