Dei fire namna som kompletterer programmet til årets Ranglerock er Kryptograf, Krissy Mary, Nix & the Nothings og Naaljos Ljom. Så då skulle kvotene for proto-doom-prog-psykedelia, mørk folk, garage-punk-psykedelia, folkemusikk-elektronika og band og artistar med namn som startar på k og n vera godt sikra. Med tidlegare annonserte Daniel Romano’s Outfit, Hällas, Beharie, Kanaan, JUNO, Tuhaf og Carson McHone er det dermed duka for tidenes jubileumsfest og ei musikalsk skattejakt av dei sjeldne på Bryne 8. og 9. juli.

Kryptograf

Mange år med djupdykk i bortgøymde skattar frå 60- og 70-talet har sett sitt preg på Bergenbandet Kryptograf. Ròten og desperat proto-doom ispedd gamal prog og psykedelia er noko av det du kan forventa deg. Kryptograf har på kort tid etablert seg internasjonalt med deira unike tilnærming til hardrocken frå 70-talet. Bandet er nå aktuelle med sitt andre album, «The Eldorado Spell», som er oppfølgaren til deira kritikerroste debutalbum frå 2020. 

Krissy Mary

Krissy Mary er aktuell som soloartist og kjem til Ranglerock for å spela låtar frå den komande plata Feme Sole, som etter planen blir gjeven ut i 2022 og er hennar debutalbum som singer-songwriter. Ho er frå før kjend som frontfigur i bandet The Secret Sound of Dreamwalkers og det meir eksperimentelle soloprosjektet The Secret Sound. Som soloartist er stemmen rammeverket for drøymande og mørk folk, medan tekstane ofte dreiar seg rundt mytar, draumar og eksistensielle utfordringar. Krissy Mary har jobba med vokal som kunstuttrykk i fleire år, både gjennom si kunstutdanning og i ei rekke bandsamanhengar som the Harvey Steel show og Torgeir Waldemar. Ho har òg bidrege på ei rekke norske plateinnspelingar som Minor Majority, Unnveig Aas, the Devil and the Almighty Blues, Louien og Signe Marie Rustad.

Nix & the Nothings

Den ferske konstellasjonen Nix & the Nothings er sett saman av medlemmar frå band som Romskip og Howlin Sun, og dei spelar høgenergisk rock’n roll med innverknad frå både klassiske og moderne variantar av garage, punk og psykedelia. Dei leflar med meir eksperimentelle uttrykk innan denne vide sjangaren, men held seg alltid ekte til garage-oppskrifta med drøye mengder snott, fuzz og fandenivaldskskap. Deira første singel «Why» har allereie rokke å bli spelt på radio i mellom anna USA, Frankrike, Storbritannia og Danmark. Bandet slepp ytterlegare to singlar før dei blir å sjå på Ranglerock, før me til hausten får servert heile debutplata. 

Naaljos Ljom

Anders Hana og Morten Joh, duoen bak MoHa!, presenterer sitt nye prosjekt Naaljos Ljom, med ei ny musikalsk og konseptuell interesse: reinstemming og folkemusikk. I Eivind Groven og Erik Eggen si ånd har synth, gitar og langeleik blitt modifisert til å kunna produsera tonar frå den norske tradisjonsmusikken. Gjennom studiar og analyse av arkivopptak har Naaljos Ljom laga sine eigne tolkingar av slåttemusikken. Det skal nemnast at Morten og Anders ikkje har bakgrunn som tradisjonsmusikarar. Tilnærminga skjer derfor gjennom deira tidlegare musikalske erfaringar innan heavy metal, musique concrete, fluxus techno og støyrock.

 


KJØP BILLETTAR HER!