Kåre & The Cavemen, Stein Torleif Bjella, Bombino, Spectral Haze, Dig Deeper og Gypsy Carnem er dei første artistane som er klar for årets Ranglerock, som denne gongen vert arrangert i øl-lageret til butikken Vaaland 1889 på Bryne.

Årets Ranglerock byr på ei temmeleg uvanleg, men høgst interessant og spanande blanding av band og artistar frå ulike retningar innan rockesjangeren. Alt ligg dermed til rette for nok ein vellukka versjon av festivalen der høg farseføring, makelaus drikke og god musikk er synonymt med smil og velnøye.

Sjekk ut Ranglerock si offisielle speleliste på Spotify:

Her er omtale av dei seks første artistane:

Stein Torleif Bjella


“Bjella syng så Jesus gret” var det nokon som kviskra med tårer i augo sist Stein Torleif Bjella stod framfor ranglepublikummet. Verken før eller sidan har ein artist fanga publikummet vårt slik som denne visesongaren og “bygdeoriginalen” frå Øvre Ål gjorde under Ranglerock i 2012. Året etter gav han ut albumet Heim For Å Døy til glimrande kritikkar og ståande ovasjonar frå norske musikkjournalistar og -bloggarar. Frå før har han dei like kritikarroste albuma Heidersmenn (2009) og Vonde Visu (2011) på samvitet.

Me treng vel ikkje gje Bjella og suksessen han har oppnådd nokon nærare introduksjon, men for moro skuld kan me fortelja at han har motteke ei rekke prisar etter solodebuten i 2009. Blant dei Spellemannsprisen i kategorien “Viser” for albumet Vonde Visu i 2011, Prøysenprisen same år, Bendiksenprisen i 2012 og Edvardprisen i 2014. Han har etter kvart vore land og strand med tonane sine, og spela seinast i fjor for mange tusen tilhøyrarar under mellom anna Malakoff og Øyafestivalen.

Kåre & The Cavemen

Det er ikkje mange band som har sett så djupe spor i norsk rockhistorie som instrumentalistane i Kåre & The Cavemen. Etter fleire års opphald vart bandet si originalbesetning frå nittitalet samla i 2009 for å gjera éin enkelt konsert under Øyafestivalen. Deretter skulle det gå like mange år før dei i 2014 igjen opptredde offentleg. Og då kun med dei tre konsertane under Malakoff, Buktafestivalen og Oslo Psych Fest. Knut Schreiner frå Turboneger og dei andre surfemusikk-heltane gir nokre få velvalde konsertar i sommar òg. Og du kan nå få oppleva dei i Rogaland for første gong sidan salige Trøkk 16 i 1996(!).

Gruppa oppstod så tidleg som i 1990, og har gjeve ut tre album etter debuten med Jet Age i 1997. Det albumet vert no relansert i ei ettertrakta vinylutgåve. Album nummer to, Long Day’s Flight «Till Tomorrow, har blitt ståande som ein bautastein i norsk rock. I 2011 hamna albumet på 12. plass i ei kåring i Morgenbladet over dei beste plateutgjevingane i Noregs historie.

Bombino

Me følgjer opp fjorårssuksessen og ørkenrockarane i Tamikrest med eit nytt musikalsk innslag frå Sahara. Denne gong er me særs stolte av å kunngjera at den verdskjende musikaren Bombino kjem til Ranglerock. Omara “Bombino” Moctar er opprinneleg frå Tidene i Niger, men har dei siste åra vore busett i Agadez.

I 2007 flykta han til Burkina Faso etter at to av musikarane i bandet hans vart drepne. Dette som følgje av myndigheitenes reaksjonar på Tuareg-opprøret som starta i heimlandet same år. Bombinos musikk vart etter kvart oppdaga av filmskaparen Ron Wyman, som bestemte seg for å inkludera musikaren i ein dokumentarfilm Wyman laga om Tuaregane. I 2009 blei han med Wyman til USA for å spela inn hans første internasjonale album, Agadez.

Etter utgjevinga av det første albumet i 2011 og ein lengre turné, som båe hausta merksemd og strålande kritikkar over heile verda, kom Bombino ut med andrealbumet Nomad i 2013. Denne gong med Dan Auerbach i The Black Keys som produsent. Nomad gjekk rett inn på førsteplass både på Billboard World Music album chart og iTunes World Chart. Bombino har tidlegare varma opp for mellom andre Robert Plant og Gogol Bordello.

 

Spectral Haze

Spectral Haze (Screammagazine.com)Det er vel ingen stor løyndom at me i Ranglerock har ei slagside mot psykedelisk musikk. Det er fordi me veit at ranglepublikummet elskar det. Derfor er det med gledefylt og ihuga headbanging me no kan fortelja at Spectral Haze kjem frå Oslo for å introdusera oss for deira, det me dristar oss til å kalla, langtfrå jordnære musikkfilosofi. Og det ved hjelp ultrapedalvrengde fuzzgitarlydar, knallharde og fengande trommeslag.

Musikken deira har blitt kategorisert under fleire ulike musikalske faner: stoner, acid, space, doom rock/metal, og jamvel desert rock spela på månen. Sjølve skildrar dei bandet sitt med orda: Psyched Out Doom Rock Rituals. Musikken er uansett, av mangel på eit meir passande superlativ, skamfeit. Debutalbumet I.E.V: Transmutated nebula remains, som med god grunn gjer klistremerket space rock særs treffande, har resultert i mykje gode omtalar på ulike bloggar og musikksider. For ikkje å gløyma svært oppløftande omtalar av tidlegare konsertar. Gruppa består mellom anna av medlemmar frå Mare, Obliteration og det tidlegare Ranglerockbandet Tusmørke. Sistnemnde gjev dessutan ut nytt album saman med Spectral Haze i mai.

Dig Deeper

Dig Deeper (digdeeper.no)Bergen- og Oslobaserte Dig Deeper vil garantert skapa framifrå stemning blant sommarens ranglarar med deira sjølverklæra mountain rock. Debutsingelen Memphis, som kom ut i 2010, vart kåra til Ukas Urørt i P3 og løna med terningkast fem i Dagbladet. Etter utgjevinga av debutalbumet August Afternoon i 2012, reiste bandet på turné i lag med svenske Daniel Norgren. Begge delar hausta gode omtalar frå musikkpressa. Musikken har fått merkelappane countryrock, americana og blues, men me er glade for at det også her er element frå den psykedeliske delen av musikkspekteret.

Saman med medlemmar frå Electric Eye, The Low Frequency in Stereo, Utakk og California Games kom vokalist, låtskrivar og frontfigur, Einar Kaupang, tidlegare i år ut med album nummer to. Igjen var kritikarane framme med lovord (Gaffa): “[…] på How You Spend Your Days plasserer de seg fint et sted mellom The War On Drugs» Lost in the Dream og Neil Young & Crazy Horses Everybody Knows This Is Nowhere.”

Gypsy Carnem

GypsyCarnem (Mats Prestegård)I kategorien syttitals bluesrock er me i år heldige som får besøk av den musikalsk sett veldig spanande nykomaren Gypsy Carnem. Bandet er nærast nystarta, men har komponert mange låter og allereie rokke og vore på noregsturné. Medlemmane fann raskt tonen etter å ha hamna på same rom på Trøndertun folkehøyskole i 2014. Blant dei var Andreas Utne Friestad frå det lokale bandet Heavy Heads, som fleire kanskje hugsar opptredde på Ranglerock i 2013. Som alltid blide ranglerockarar kan gleda seg til å bli endå blidare når Gypsy Carnem dreg på med knallhard og energisk bluesrock, deriblant fengande og hårreisande gitarriff, frå scena på Vaaland 1889 i sommar.