Vicereine - 02 - Helle Navratil

Sjeldan i Ranglerocks historie har det blitt tinga eit band som passar så bra for festivalen som Vicereine. Ranglerock + Vicereine = sant.

Stavanger/Sandnes-baserte Vicereine er i følge bandets eigne medlemmar flashy, kledd i kvit denim og dekka i konfetti og glitter. Bandet lagar musikk i den nokså dystre sjangaren «tropical death», men lovar eksplosive konsertopplevingar og eit lydbilde som best kan beskrivast som den mest catchy krysninga mellom sexy dansegolv-pop og fuzza rock.

Resultatet meiner dei vil få deg til å rista på rompa og headbange samtidig, som fleirtalet av tilhøyrarane under den framifrå konserten deira i Mellombels ølstove nyleg truleg vil skriva under på.