Det Stavanger/Sandnes-baserte og sjølverklærte “tropical death”-bandet Vicereine er tinga til sommarens festival i Bryne mølle.

I følge bandets eigne medlemmar er dei flashy, kledd i kvit denim og dekka i konfetti og glitter. Dei lovar eksplosive konsertopplevingar og eit lydbilde som best kan beskrivast som den mest catchy krysninga mellom sexy dansegolv-pop og fuzza rock. Resultatet meiner dei vil få deg til å rista på rompa og headbange samtidig, som fleirtalet av tilhøyrarane under den framifrå konserten deira i Mellombels ølstove nyleg truleg vil skriva under på.

Sjeldan i Ranglerocks historie har det blitt tinga eit band som passar så bra for festivalen som Vicereine. Ranglerock + Vicereine = sant.

Sjekk ut den dagferske singelen deira:

Først-til-mølla-billettar i sal no
I høve av dette herlege sleppet startar me samtidig salet av billettar til sommarens festival og belønnar dei første kjøparane med todagarspass til redusert pris.