Med singlane Ecstasy og Girl On TV har dei fire 17 år gamle jentene i Veps utmerka seg både på den norske og den internasjonale indiescena. Deira unike, nittitalsinspirerte lydbilde og bråmodne låtskriving har hausta lovord frå medium som Clash Magazine, Daily Star og Far Out Magazine, og bandet har jamvel blitt lista på britiske Amazing Radio. Her heima har VG, NRK P2, NRK P13 og ei rekke andre fått augo opp for Veps, og til hausten er bandet klart for by:Larm.