Følg med! Følg for Guds skyld med! Følg med!

Tusen hender folder seg.

Følg med når jorda skal gå ned.

Det er livsens alvor i orda som vert sungne på Undergrunnens låt “Dommedag i E”. Den dirrande haugalandsrøysta bak tilhøyrer Pål Jackman, betre kjent som filmregissør og frontfigur i Wunderkammer.

Sistnemnde gjesta Ranglerock i 2013, og fekk truleg nokon og ein kvar til å sjangla og rista laust med føtene på tregolvet i mølla. Undergrunnen, som tidlegare gjekk under namnet The Jackman/Lie/Haaland Set, består i tillegg av Per Steinar Lie og Ørjan Haaland frå The Low Frequency In Stereo og Lumen Drones.

Saman framfører dei musikk med inspirasjon frå noko av det beste og “groovaste” frå sekstitalet. Og nok ein gong er me innom den fenomenalt gilde psykedelia-sjangeren. I dette tilfellet i form av undersjangrane kraut og progressive, eller som bandet sjølv omtalar musikken dei lagar:

MC5 møter afrorock på norsk.

Undergrunnen albumdebuterer til hausten, etter seiande med ni låtar kokt ned til kompakte og fengande energibomber som det vil bli umogleg å stå stille til.

facebook.com/undergrunnen