Tusmørke er blitt ranglevener etter konsertar både under Ranglerock og Hibnaleide. Sistnemnde på det som må ha vore den livlegaste bryggedansen på Obrestad på denne sida av 80-talet.

Bandet er temmeleg lett attkjennande, der dei blandar like delar dansbare bassgangar, tverrfløytetriller, 70-talls synthar og samfunnskritikk frå eit bronsealderperspektiv. Dei sjølverklærte meistarane i mørk psykedelisk folk-rock har nettopp kome med ny plate, “Ført bak lyset”, som har hausta gode kritikkar, og som av bandet sjølv blir anbefalt for alle som elskar tyrkisk funk fra 70-tallet, Black Widow og (det gamle) NRK. Dagbladet kalla albumet “…medfødt koko på en herlig tiltalende og vital måte”.

Bandet er inspirert av krautrock, jazz, norske folketonar og musikk frå Midt-Austen, og brukar tema frå Oslos lokalhistorie og gamal gudelære i tekstane sine.

Du bør altså få med deg Tusmørke på Ranglerock laurdag 9.juli. 

Billett får du her!