Programmet til sommarens høgdepunkt på Bryne er komplett. Med det presenterer me eit musikalsk og sjangarmessig mangfald utan like i Ranglerocks historie.

Kjøp billett her!

Artistslepp på Spotify
Dei seinaste dagane har me nytta Spotify til å annonsera dei fem siste artistane til årets program: ordsmeden Frida Ånnevik, poprockarane Great News, frijazz-bandet The Thing, progetno-gruppa 9 grader nord og kraftrock-trioen Friendship.

Mangslungen festival av dei sjeldne
Med dei allereie annonserte artistane, som leverer høgkvalitets livemusikk innan alt frå soul og hiphop til grunge og metallprega punkrock, meiner me årets Ranglerock vil bli ei mangslungen oppleving av dei sjeldne.