The-Thing-by-Roberto-BEAR-Guerra-1024x696

Tørst på kombinasjonen rock, støy og jazz? Då kan du gleda deg til å få oppleva det norsk-svenske jazzbandet The Thing under årets Ranglerock.

Kjøp billett her!

Trioen, beståande av Mats Gustafsson, Ingebrigt Håker Flaten og Paal Nilssen-Love, har etter skipinga i 1999 gjeve ut ei rekke livealbum og i alt seks studioalbum, kor to har resultert i Spellemann-nominasjonar.

Med hundrevis av konsertar over heile kloden og ulike former for samarbeid med ingen ringare enn blant andre Sonic Youth, Thurston Moore, Pat Metheny og Neneh Cherry, er det moglegvis unødvendig å påpeika at det er eit sjeldan knippe erfarne, dyktige, speleglade og ikkje minst frimodige musikarar som kjem til Bryne mølle i sommar.