Burning Hell Winter Table

Ranglerock skal vera synonymt med glede. Slik er det. Derfor er me alltid ute etter å tinga band me meiner kan bidra til å oppfylla dette ikkje altfor hårete målet. Me er uansett overbeviste om at det enormt livsglade og joviale indiebandet The Burning Hell frå Canada er rette kandidat for oppgåva.

Kjøp billett her!

Bandet, som blei danna av den kanadiske songskrivaren Mathias Kom, har gjeve ut ni album (og to kasettar) sidan debuten i 2006. Det består i dag av fire medlemmar, men har involvert nærare tretti andre musikarar opp gjennom åra, blant andre dei to tidlegare Ranglerock-yndlingane Clémence Freschard og Stanley Brinks.

[Artikkelen fortset under videoen.]

Bandets samansetting og derfor også det musikalske uttrykket har med andre ord vore i stadig endring, “running the gamut from introspective folk to hyperactive rock and roll.”

The Burning Hell har vore på turné i éi eller anna form sidan 2007, “playing everywhere from the chaos of Glastonbury to the loneliness of the Arctic Circle, popping up in bars, festival tents, living rooms, abandoned bunkers, a mental asylum in rural France” og altså snart også i eit tidlegare sekkelager på Bryne.