Me har gleda av å annonsera at nyleg Spellemannominerte Kanaan og Beharie kjem til Ranglerock i juli. Det er òg klart at publikumsfavoritten Svenssen endeleg igjen kan opplevast på scena under det som blir den tjuande utgåva av festivalen dei ein gong starta. 

Kanaan

Den instrumentale powertrioen Kanaan er aktuell med sitt fjerde studioalbum. Der deira føregåande album har vore jazzorienterte og psykedeliske, med avstikkarar mot krautrock og improvisasjon, er nye «Earthbound» tyngre enn eit fullasta tankskip. Inspirert av band som Colour Haze, Hawkwind, Elder, Motorpsycho og Acid Mothers Temple er «Earthbound» full av overraskande vendingar, vakre og nedpå passasjar og mesterleg musisering. Albumet er ein maktdemonstrasjon frå tre ekstremt talentfulle musikarar, der dei plogar seg gjennom enorme riff og tordnande grooves. Det er ikkje utan grunn at «Earthbound» nyleg blei nominert til Spellemannsprisen i kategorien Rock.

Beharie

“I tre finfine kvarter var rommet overlatt til Beharie (Christian Roger Beharie), også han fra Sandnes. Den mannen kan nå akkurat så langt han vil”, skreiv Stavanger Aftenblad om Beharie etter hans konsert med Thomas Dybdahl i Sandnes Kulturhus 22. oktober i fjor. Det blei ein imponerande seksar på terningen for Beharie sin første konsert i heimbyen sidan ungdomsåra. Spellemannominasjon i kategorien RnB/Soul er i boks og ny musikk er på veg, og me gler oss til å ha Beharie på besøk på Ranglerock fredag 8. juli.

Svenssen

Svenssen var namnet som stakk av med flest reaksjonar i røystinga over kva tidlegare artist eller band publikum ønska å oppleva igjen. Sist Svenssen spelte på Ranglerock var “alt berre fryd, gaman, skriking, grining, mating og bleieskift”. Det var i 2016 og året etter at dei, grunna høg produksjon av ungar, måtte ta pause frå å spela på festivalen bandet hadde vore fast inventar på kvart år (med eitt unntak i 2005) sidan oppstarten i 2002. Når Svenssen endeleg står på scena igjen laurdag 9. Juli, har det plutseleg altså gått nesten seks år sidan sist. Korleis er ståa no, mun tru? Bandet har i mellomtida uansett kome ut med nytt materiale. EP-en “Every Day Is A School Day”, som blei sloppen like før jul i fjor, hausta ypparleg omtale i Stavanger Aftenblad. Me likar kraftpop og mod-rock og lengtar etter å sjå elegante Svenssen spela solide og fine rockelåtar i sommar.

I tillegg kjem allereie annonserte Daniel Romano’s Outfit, Hällas, JUNO, Tuhaf og Carson McHone

 


KJØP BILLETTAR HER!