Stavanger-bandet Sløtface har for lengst markert seg på det norske punkpop-kartet, og har hatt nokre forrykande år etter oppstarten i 2012. Bandet fekk stor fart på karrieren etter deira deltaking i Urørt i 2015, og kan mellom anna skilta med ikkje mindre enn Spellemannpris, Netflix-synkronisering og utselde hus i både Europa og Australia.

Med vokalist Haley Shea sine hardtslåande tekstar, som ofte omhandlar dei “typiske mannlige indie-historiene fra et kvinnelig perspektiv”, har bandet tydeleg markert seg som eit av dei mest aktivistiske norske banda, både når det gjeld feminisme, miljø og politiske standpunkt.