Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hjå NRK Stjernepose, som også kåra låta til ei av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa skapt bølger i både innland og utland.

Deira sjølvtitulerte debutalbum på Apollon Records hausten 2020 mottok mellom anna terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK: «En real oppvisning i energisk, velkomponert rock av den sorten som truer med å meie deg ned hvis du skrur volumet en anelse for høyt. Det låter seigt, lekent, inspirert, kraftfullt og energisk».