Skambankt kjem til Ranglerock 10.juli for å avslutta første festivaldag.  Skambankt vil eksklusivt for Ranglerock, spela sitt legendariske elleve år gamle debutalbum «Skambankt»! Der er det fem låtar over tre minutt. Live vert det heilt sikkert ikkje ein einaste over 150 sekund. KICK OUT THE JAMS MOTHERFUCKERS!

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock!

Debutalbumet til Skambankt.Ranglerock starta som ein punk- og rockefestival, men nå når festivalen snart er fjortis, har den utvikla seg til å bli ein rocka vise-, prog-, jazz- og psykedeliafestival. Derfor tek me nå sjølkritikk! Det har vorte stadig lengre og lengre låtar som kjem frå scena vår. Me likar det slik, men fagerten heller, det er ikkje så dumt med 150 sekund med raske riff og allsangvenleg brøling rett i trynet heller! Me konkluderte kjapt med at den ultimate medisinen og motvekta mot psykedeliasjuka måtte vera Skambankt.

Frå og med debuten i 2004 har Skambankt gjeve ut totalt fem album, opptredd på dei største scenane under dei største festivalane i Noreg og Danmark, og varma opp 40.000 tilskodarar for AC/DC på Valle Hovin.

Det lèt til å bli ein ypparleg bandstand under Ranglerock i år, gled deg!

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock!