Silja Sol (Gunnbjørg Gunnarsdottir) - 05.05.2017

Me er særs nøgde med at éin av Noregs mest spanande artistar dei siste åra, Bergensartisten Silja Sol, kjem til Ranglerock for å opna laurdagen med sine leikande tekstar, gitarbaserte indiepop og no også ekstremt dansbare elektronikapop. Det musikalske uttrykket Silja Sol kunne gjenkjennast på då ho blei nominert til Spellemann i visesjangaren i 2015, har teke ei ny retning etter den årsferske utgjevinga hennar, Ni liv. Det til tider enkle lydbiletet frå dei første albuma har blitt bytta ut med majestetiske synthlydar og energiske rytmer, til gode kritikkar i mellom anna Dagsavisen og P3.

Etter ein hyllestkonsert til Bob Hund i fjor sat bandet att med eit såpass bra inntrykk at dei ville ha ho med til å bidra på ei gjeninnspeling av klassikaren Hjärskärande rätt, som kom ut i singelversjon tidlegare i vår. Og kven veit, kanskje blir ho å sjå saman med Bob Hund på Ranglerock-scena i sommar.