Leikande tekstar, gitarbasert indiepop og no også ekstremt dansbar elektronikapop. Me gler oss til Silja Sol kjem til Ranglerock!

Sikra deg billett no!

Silja Sol fra Bergen har rokke mykje etter platedebuten På Hjertet i 2014. Sidan då har ho spelt på fleire av landets største festivalar (deriblant Øyafestivalen, Slottsfjell og Bergenfest), blitt hylla av eit samla kritikarkorps for alle sine tre albumutgjevingar og motteke nominasjon til Spellemannprisen.

Nytt album, ny stil
I februar i år gav ho ut albumet Ni liv. Det til tider enkle lydbiletet frå dei første albuma har blitt bytta ut med majestetiske synthlydar og energiske rytmer, til gode kritikkar i mellom anna Dagsavisen og P3.

Samarbeid med bob hund
Etter ein hyllestkonsert til bob hund i fjor sat bandet att med eit såpass bra inntrykk at dei ville ha ho med til å bidra på ei gjeninnspeling av klassikaren Hjärtskärande rätt, som kom ut i singelversjon tidlegare i vår. Og kven veit, kanskje blir ho å sjå saman med bob hund på Ranglerock-scena i sommar?

KJØP BILLETT HER!