Takk for denne gong, Vaaland 1889. Ranglerock utviklar seg vidare og flyttar festivalen til Bryne mølle i 2018. Første namn på blokka er den nokså ferske bergenske konstellasjonen Romskip.

IMG_0697

For ei helg det blei i sommar! For ein festival! For ei gudding! Det er enormt mange som fortener ein stor, stor takk for at Ranglerock 2017 blei til og blei så bra som det gjorde: FRIVILLIGE, publikum og artistar.

Etter tre gilde, men hektiske år i lageret til spesialbutikken Vaaland 1889 flyttar Ranglerock til Bryne mølle i 2018. Det ser me på som eit steg fram og litt til sida, skakt og utforskande. Litt slik me vil at festivalen skal vera. Forhåpentleg til glede for både tidlegare og nye gjestande ranglarar, svoltne og på jakt etter kulturelle nyinntrykk som ellers sjeldan kan opplevast på Bryne.

2017-10-21, Bryne mølle

Ranglerock skal fortsetta å vera nyskapande og søka å gjera festivalen endå meir spanande og mangfaldig, betre og gildare. Me meiner Bryne mølle, med nytt uteområde og andre moglegvis brukbare lokale i nærleiken, er ein ypparleg stad for dette. Rett og slett ein boltreplass for realisering av luftige kulturrelaterte idear.

Større kapasitet i Bryne mølle
Sidan sist gong Ranglerock blei arrangert i Bryne mølle, har kapasiteten i sekkelageret blitt sett opp frå 280 til 400, som er om lag like mykje som det gjennomsnittlege besøkstalet festivalen har hatt per dag i øllageret til Vaaland 1889 dei tre siste åra. Oppjusteringa opnar for eit langt større handlingsrom med tanke på kva type artistar festivalen no kan tinga enn kva tilfellet har vore ved tidlegare Ranglerock-arrangement i Bryne mølle.

Første band til Ranglerock 2018 er allereie tinga: Romskip
Romskip består av fem, i følge seg sjølve, astronautar, som har jamma og laga musikk saman i snaut to år. Gjengen hentar inspirasjon frå seksti- og syttitalsrock og jamvel hip hop, men klassifiserer seg sjølve innanfor rocken.

Reint sjangermessig sprikar musikken deira sikkert i mange retningar, men det har i det store og det heile eigentleg veldig liten betydning med tanke på kor mykje energinivået i det som blir framført vil gje alle på dansegulvet lyst til å bevega på seg.