Ranglerock, Time bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter inviterer i år igjen til gratis familiefestival laurdag 14. juli, og lovar framifrå stemning for familier med og utan barn når mellom andre den svært namngjetne duoen Meg og kammeraten min kjem for å underhalda.IMG_0527 (resized)

Små og store er nok ein gong velkomne til å pakka piknik-korgene og koma saman til ein tilbakelent ettermiddag med gras, sol, leik, is, god drøs og god musikk for heile familien i Sporvatunet, parken utanfor Garborgsenteret/Time bibliotek.

Ingen ringare enn Spellemann-nominerte Meg og kammeraten min og 9 grader nord kjem for å gjera kvar sine konsertar. I tillegg blir det snurra barnefilm i kinosalen i biblioteket.

Program dagtid, laurdag 14. juli
Sporvatunet, ved Garborgsenteret/Time bibliotek
1200 BARNEFILM I BIBLIOTEKET
1300 MEG OG KAMMERATEN MIN
1415 9 GRADER NORD

 

Meg og kammeraten min
Meg og kammeraten min er Martin Hagfors (Meg) og Erik Johannessen (Kammeraten). Martin er kjent som ein av landets mest respekterte låtskrivarar, Erik som trombonist, arrangør og multiinstrumentalist frå blant andre Jaga Jazzist.

9 grader nord
På 9 grader nord finst øya Sri Lanka og byen Jaffna, kor søstrene Dipha og Mira Thiruchelvam stammar frå. Saman med Jakob Sisselson Hamre og Jakob Sønnesyn utgjer søstreduoen det sjangarsprikande bandet 9 grader nord.