Gratis familierangling i Sporvatunet utanfor Time bibliotek vart ein knallsuksess i fjor. Nå inviterer me alle små og store ranglarar tilbake til Rangling for småsporvar laurdag 1.juli.

2016-07-11, Rangling for småsporvar (Nasjonalt Garborgsenter) 4

Ta med ungane, pakk piknik-korga og kom saman til ein tilbakelent ettermiddag med gras, sol, leik, is, god drøs, levande musikk og kulturelt påfyll for heile familien.

Konsertar, film og utstilling
Rangling for småsporvar tek til med framsyning av ein barnefilm i kinosalen inne i biblioteket.

Silja Sol, Atlars og Erlend Viken Trio vil deretter stå for dei musikalske opplevingane ute i Sporvatunet, den flotte parken mellom Garborgsenteret/Time bibliotek og Bryne vidaregåande skule.

Versågod, gratis inngang
Arrangementet er heilt gratis, men det er mogleg for dei som ønsker det å bidra med pengebeløp etter eige ønske.

Kunstutstilling i Garborgsenteret
Mellom konsertane vil det vera mogleg å få med seg kunstutstillinga Småsporven i Garborgsenteret, som tar utgangspunkt i Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar frå barneboka med same tittel.

Rangling for småsporvar blir arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter og Time bibliotek.

Desse artistane held konsert i Sporvatunet 1. juli:

Silja Sol
Bergensartisten Silja Sol, éin av Noregs mest spanande artistar dei siste åra, bidreg med leikande tekstar, gitarbasert indiepop og no også ekstremt dansbar elektronikapop.

Atlars
Siddis-ræppens far, Atlars, som også er medlem av den Garborgsenter-baserte trioen Hipp hopp og Garborg, opptrer med ordkunst framført på imponerande måte.

Erlend Viken Trio
Erlend Viken Trio stiller med hardingfele, cello og gitar for å gje publikum ei rå og akustisk oppleving som er vanskeleg å finna andre stader, og blir truleg eit nytt og spanande bekjentskap for dei fleste.