Me vonar alt blir bra igjen og satsar på å gje musikkinteresserte på Jæren eit jubileum dei seint vil gløymå når Ranglerock blir arrangert for tjuande gong 8. og 9. juli i sommar.

Dei første namna ut til sommarens Ranglerock er:

Daniel Romano’s Outfit (CA)

Den sjeldan produktive og talentfulle multikunstnaren Daniel Romano har saman med The Outfit vore klar for Ranglerock sidan før den hersens pandemien byrja å breia om seg. I mellomtida har dei mellom anna halde ein fantastisk internettkonsert og gjeve ut så mange album at det nesten har vore nyttelaust å halda oversikten. Gled dykk til å ikkje stå i ro eitt einaste sekund gjennom tre kvarter med pur og glimrande rock’n roll.

Hällas (SE)

Kva får du om du blandar saman eventyrforteljing i songform, progrock, metal og folketonar? Jo, me vil drista oss til å påstå at du får ein fortryllande, underhaldande og ekstremt gild konsert med det svenske bandet Hällas. Alle både gode og mindre gode forsøk på å skildra kva som kan forventast av dette unike eksemplaret av musikalsk stordom kjem uansett til kort. Det må beint fram opplevast i levande live. På Ranglerock! På Bryne! Sakki!

JUNO

JUNO er eit ungt band med utspring frå den velrenommerte jazzlinja i Trondheim. Dei har allereie rukke å etablera seg som eit solid live-band med jobbar både i inn- og utland. Dansbare grooves og kompleks rytmikk møter melodiøse refreng og eksperimentelt tonespråk med rap og fengslande improvisasjon. Den uvanlege besetninga med to vokalistar, tenorsaksofon, kontrabass og trommer gjev musikken eit umiskjenneleg og karakteristisk preg.

Tuhaf (DK)

Dansk/tyrkiske Tuhaf er det andre bandet som har vore klart for Ranglerock sidan 2019. Me kryssar fingrar og vonar 2022 er året dei får spela opp til både god stemning og dansbare rytmar med sin anatoliske psych-rock. Bandet hentar inspirasjon frå den tyrkiske anadolu-rocken frå 60- og 70-talet. Tekstane blir sungne både på dansk og tyrkisk, medan musikken gjev assosiasjonar til band som Gaye Su Akyol og Altin Gün. 

Carson McHone (US)

Den Austin-innfødde countryartisten Carson McHone kjem med sitt tredje album tidleg i 2022. Det blir oppfølginga av hennar Mike McCarthy-produserte Carousel, som blei spelt inn i Nashville og kåra til eitt av Rolling Stone sine Best Country Albums of 2018. Same magasin kåra ho til éin av “10 New Country Artists You Need to Know” året før. På scena under Ranglerock får ho med seg ingen ringare enn Daniel Romano’s Outfit som støtte.

 


KJØP BILLETTAR HER!