Me har teke den vanskelege og triste avgjersla om å avlysa årets festival.

Fleire av retningslinjene som har blitt innført grunna korona-situasjonen gjer det svært vanskeleg å gjennomføra Ranglerock i år, til og med i nærleiken av noko som kunne ha minna om det me såg for oss for berre få månadar sidan.

Ranglerock kjem tilbake neste år! Alle som har kjøpt billett til årets festival har to val:

1. Pengane tilbake
Ta kontakt med oss og be om refusjon for å få pengane tilbake.

2. Rangla i 2021
Ta vare på billetten og bruk han neste år.

Til då: Ta vare på kvarandre og rangla som best de kan!