I år, som tidlegare år, kan du oppleva ein gjeng rare, men skambra band du neppe har høyrt om. I tillegg får du minst eitt du kjenner godt til frå før.

KJØP BILLETT HER!

Fredag 12. juli

Frøkedal & Familien
Omtalt som det musikalske kjærleiksbarnet til Joni Mitchell og The Mamas & The Papas. Me vil sei at det er eit solid brygg av folkemusikk, popmusikk og elektronika laga og framført av nokre av dei beste musikarane i landet.

Rossman
Tekstar som fyk av garde kjappare enn Øystein Sunde sin skugge, akkompagnert av smakfulle melodiar og fengande refreng på grensa til allsong.

Misty Coast
Misty Coast er drømmepop-barnet til Linn Frøkedal og Richard Myklebust frå The Megaphonic Thrift, som for tida er aktuelle med det kritikarroste albumet Melodaze. Til Ranglerock i sommar har dei med seg Kim Åge Furuhaug på trommer (Orions Belte og Great News), som saman vil gje oss ei solid, rå og velspelt liveoppleving

Real Ones
Real Ones fyller 25 år og tek sjølvsagt ein del av bursdagsfesten på Ranglerock. Er det ein konsert der du garantert får sjå tingar Hans Bjørnar Tunheim i bar overkropp så er det denne.

MaidaVale (SE)
Psykedelisk bluesrock som garantert får deg i jedostemning. Rapportane frå årets by:larm var euforiske, og me

Wet Dreams
«Lyden av en perfekt inventarfest ti minutter før politiet kommer.» Egon Holstad.

Laurdag 13. juli

Louien
Louien er ein av dei mest spannande låtskrivarane me har høyrt dei siste åra. Til hausten kjem ho ut med debutplata hennar, men før det kjem ho til Ranglerock for å spela dei fortryllande og vakre låtane sine for oss.

Folkevogn (NO/IO)
Har du nokon gong høyrt indisk klassisk musikk spelt på hardingfele eller norsk folkemusikk spelt på ein sarod? Legg til ein dose psykedelisk mystikk og jazztrommer og du har Folkevogn.

Gents (DK)
Gents elskar synthar og trommemaskinar frå 80-talet. Det kjem du og til å gjera når du høyrer det Gents leverer frå scena på Ranglerock!

Katinka (DK)
Ung, fengande visepop som dei siste åra har lagt Danmark for sine føter. Katinka er både fandenivoldsk og fin, med originale tekstar og fantastiske konsertar.

FEELS (US)
Amerikanske FEELS er eit band som passar 100% inn i Ranglerockprofilen. Psych-punk-grunge-post-future-rock frå LA!

brenn.
Rockens redningsmenn? Nei. Men det blir galgildt. Dansbart og vilt gudd!

Årets plakat er laga av Christopher Jaarvik Hetland.