Rancho Relaxo

 

Neo-Psychedelic Zendom? Ja, takk! Årets dose prog kjem frå ei gruppe som er basert i Møre og Romsdal under namnet Rancho Relaxo.

Dei er kjende for talentet dei har for å skapa tiltalande og absorberande lydspiralar, som forførar lyttarane frå første sekund. I mai kom dei med sitt åttande album, den fem spor lange EP-en “Polarized”, nok ein gong eit aldri så lite sitrande eventyr.

Bandet kallar sjølv musikken dei lagar for «Neo-Psychedelic Zendom». Bandets ytterst spesielle lydbilete har element i seg som spenner frå neo-psykedelia til space-rock og folk, frå shoegaze til drone og alternative.
Ein karakteristikk me meiner bør fanga interessen til mang ein tilhengar av alternativ rock. Passe sært og perfekt til Ranglerock!