psykoblasfemi6666

Psyko Blasfemi er ikkje mindre enn eit lokalt, ungt og lovande punkband med mykje inspirasjon frå ein god del eldre heltar i band som Misfits, Raga Rockers, Sex Pistols og Fader War.

Bandet starta på Bryne og har spela saman sidan våren 2017. Bandet spenner godt frå seg live trass i den forholdsvis korte fartstida i bransjen. Så godt at juryen i Ranglerock-uttaket under årets Livsgledefestival var fullstendig tvillaus om at det måtte bli eit Ranglerock-band.