2017-04-24, Vrakfeber (foto - Mats Prestegård)

Vrakfeber er Jærens nye rockehåp. Dei spelar rock inspirert av 60- og 70-talet. Energisk, tungt og melodiøst. 2016 blei brukt til å skriva musikk og å gjere nokre lokale spelejobbar. Mottakinga har vore strålande. Rocken er ikkje daud og det norske folk er openbart klare for meir. Responsen var så enorm på dei fyrste konsertane at Skambankt valde å hyra Vrakfeber til å spela på O jul med din vrede, Skambankt sin årlege juletrefest, utan å ha høyrt dei. Ryktet talte for seg sjølv.

Bandet planlegg mykje aktivitet i 2017. Ein EP blir sleppt i løpet av våren og legg grunnlaget for ein turné i mai. Neste kapittel i jærsk rockehistorie blir skriven no. Gå ikkje glipp av starten!