Orango 1

Orango er eit rockeband frå Oslo, som er kjende for å bevara og utvikla tradisjonell klassisk rock, og for sin bruk av tredelt vokalharmoni. Bandet starta i 1999 og har utgitt seks album og fleire singlar. Med sine energiske live-framføringar har dei begeistra tallause rockefans, og etter comebacket i 2011 har dei turnert utan stans.

Orango spelar ein karakteristisk miks av møkkete bluesrock, west coast-harmoniar og skamlaus riffing. Bandet har blitt kalla gjenfødte rockegudar frå 70-tallet og svaret på korleis rock skal høyrast ut. Me snakkar om dønn ærleg groovy rock, null bullshit og eit liveband som aldri skuffar.