IRAH (13.02.2017, Facebook)

Irah er eit dansk band me oppdaga på Eurosonic i Nederland. Den unge trioen spelar ein jazza pop som tek lyttaren med på ein tur ut i rommet. Det er sfæriske synthar og eteriske melodiar som umiddelbart grip lyttaren, men slepp han like fort. På den måten vert det både fengande og slitesterkt. Vokalist Stine Grøn har ei sjeldan uttrykksfull og klokkeklar røyst, og keyboardist Adi Zukanovic vart nyleg kåra til «Årets musiker» av danske musikkritikarar.