Frynsete på nervene er eit ganske ferskt band, men medlemma har har ei lang og frynsete fartstid i lokale rockstorleikar som Purified in Blood og ikkje minst Totfkopf, eit av dei orginale Hoggstock-banda. Her har håbuar og sandnesgaukar funne i lag for å bøta kvardagens vald på sinnet med litt gruppeterapi, eller band som spelar grovkorna rock og syng om livet.
Kort summert kan Frynsete på nervene visa til to ting: Anten noko ein er inni seg, til dømes at ein har frynsete moral eller frynsete nerver, eller noko som er pryda med frynser for å verta stilig, til dømes ein frynsete duk eller ein frynsete jakke. Frynsete på nervene er begge deler.