Erlend Viken Trio (09.02.2017, Facebook, foto - Johannes Selvaag)

Etter mange år med ranglerock innan ulike sjangrar gler det oss stort å framleis kunne få visa fram nye sjangrar, og no er turen komen til vår heimlege folkemusikk. Med hardingfele, cello og gitar skapar Erlend Viken Trio ei rå og akustisk oppleving som er vanskeleg å finna andre stader. Dei har late seg inspirera av norsk folkemusikk, rock, afrikansk ørkenblues og amerikansk old-time music, og har dermed skapa ein særeigen stil som har skaffa dei fans på tvers av sjangargrensene.

Debutplata, Frie tøylar, har eit originalt utrykk som er både rotfesta og eksperimentell. “Styrken i komposisjonen og krafta i samspelet skaper musikk som går over i det geniale,” skreiv bladet Folkemusikk om plata. “Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues,” skreiv Adresseavisen. Med sitt flytande spel fyllar Erlend Viken Trio eit musikalsk tomrom, og me har stor tru på at dette er noko som vil fenga Ranglerockpublikumet.