Trondheimsbandet Gold Celeste (tidlegare Angelica’s Elegy) fekk æra av å vera det siste namnet me hyra til årets femtenårsjubileum, og kompletterte dermed programmet for Ranglerock 2016.

Bandet ga ut sitt andre og seinaste album, The Glow, i fjor haust, som med sitt drøymande og utanomjordiske lydbilete falt i god jord hos kritikarane. Det har blitt trekt parallellar til band som Tame Impala, Flaming Lips, Dungen og Youth Lagoon. Sistnemnde kanskje mest på grunn av deira felles draumar om kjærleik og verdsfred.

Musikken er uansett temmeleg psykedelisk, lett å lika og lett å drøyma seg vekk til. Med andre ord truleg perfekt for strevande ranglerockarar, men forhåpentleg også for alle andre som er på jakt etter gode konsertopplevingar og vil falla for knallbra psychpop.

Gold Celeste opptrer på Ranglerockscena laurdag 9. juli kl. 19:00.