Ondt blod - Natur session 01 - trapp 1. FOTO- Terje Arntsen (1 of 1) (1)

Det er iallfall ikkje for tidt at Ranglerock presenterer punkrock av den harde sorten, men somme gonger er me berre pukka nøydde. Sånn er det med Nord-Noregs nye stoltheit Ondt Blod. Eit band som rett og slett er for godt til at me kan la det fara forbi oss i stilla.

Kjøp billett her!

Ondt Blod blei nominert til Spellemannsprisen i kategorien Årets Nykommer for debutalbumet “Finnmark” i 2016. Offentleggjeringa av at dei nordnorske punkrockarane kjem til Ranglerock i juli skjer same dag som at dei kjem ut med deira andre og seinaste album “Natur”.

[Artikkelen fortset under videoen.]

Dette albumet er i følge bandet sjølv nordnorsk punkrock med samiske røtter, kor hardcore og metall møter frekk frihetsrock. Eit samisk skrik frå kolonien. Eit kamprop mot ein fortsatt pågåande fornorskning og kolonisering. Fest og champagne møter gift og jævelskap. Infernalsk riffing foreint med dei mest fengande refrenga i Norden etter ABBA. Ein hyllest til menneskenaturens fleire sider. Perfekt for Ranglerock.