Me ønsker at alle som vil skal få rangla på festivalområdet under Ranglerock. Me vil vera ein festival som er tilgjengeleg for alle og som er godt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne. Om du har behov for tilrettelegging, eller har spørsmål rundt tilgjengelegheit på festivalen, ta kontakt med vår områdeleiar Trine Nesse (trine.nesse@hotmail.com/995 67 489).

Nedanfor finn du dei tilboda me har knytt til tilgjengelegheit.

UNIVERSELL UTFORMING
Festivalområdet er universelt utforma.

LEDSAGERBEVIS
Alle som har ledsagerbevis, kan få med seg ein ledsager på festivalen. Grunna avgrensa kapasitet på festivalområdet er det fint om du kan gje beskjed på førehand dersom du har med deg ledsager. Send ein e-post til ranglerock@ranglerock.no.

TRANSPORT OG PARKERING
Det er parkeringsplassar fleire stader i nærleiken av festivalområdet. Det er trinnfri gangveg frå parkeringsplass til inngang.

HC-TOALETT
Det er HC-toalett på festivalområdet.

HC-RAMPE
Ranglerock har dessverre ikkje HC-rampe.

TRINNFRI ADGANG
Alle servicepunkt på festivalområdet har trinnfri adgang.

ALLERGIAR OG MATMERKING
Mattilbodet på Ranglerock vert allergimerka på utsalsstaden.