Ranglerock blir arrangert for tjuande gong i 2022, og går over to dagar. Festivalen blir arrangert innandørs i Hvelvet til Kulturbanken på Bryne helga 8.–9. juli.

Ranglerock er eit idealistisk initiativ basert på dugnad der føremålet først og fremst er å skapa gode konsertopplevingar og auka interessa for ny musikk. Dette kan du lesa meir om i vedtektene til festivalen.

rangle -et; -ing

1 drive; reke: rangle gårdimellom
2 ture og feste

Etym.: eg. «slentre, gå ustøtt»