rangle -et; -ing

1 drive; reke: rangle gårdimellom
2 ture og feste
Etym.: eg. «slentre, gå ustøtt»

 

Ranglerock Festivalen (tidl. Hoggstock Festivalen) vert i år arrangert for niande år på rad og går over tre dagar. Festivalen er eit idealistisk initiativ der føremålet er å skapa gode konsertopplevingar, auka interessa for ny musikk og skapa eit samlingspunkt for musikkinteresserte på Jæren. Kort sagt få jærbuen opp av sofaen, ut på konsert og møta andre trivelege folk. Dette kan du lesa meir om i vedtektene til festivalen.

Gjennomføringa av festivalen er basert på dugnad og heile det økonomiske overskotet går til drift av neste års festival.

 

Historikk

Hoggstock 2002

Det skulle eigentleg vera ein sommarfest i forsamlingshuset på Hognestad, og bandet Svendsen Supertruckers skulle halda ein etterlengta konsert. Inngangsprisen var 20 kroner – men var du kar og hadde med deg dame fekk heile følgjet koma inn gratis…
Det heile ende opp ein stor venners-venner fest med fleire kunstnariske innslag, mellom anna Hassa’s Incredible Didgeridoo Experience, fleire vokale gjesteopptredenar i løpet av Supertruckers-konserten og til slutt ein mini konsert med Totkopf. Det er i alle fall slik me likar å hugsa det.
Stemninga stod i taket, sjølv om nokre kanskje syns det vart i overkant mykje lyd i eit så lite lokale. Etter festen var det brei semje om at suksessen måtte gjentas neste år, men då i endå større format, det var til og med snakk om at det skulle tilretteleggast for festivalcamping på ein kornåker ved sida av forsamlingshuset…


Hoggstock 2003

Rock mot skalldyr
Dette var året då festivalen eigentleg starta. I fleire år hadde medlemmane i Svenssen Supertruckers, Totkopf og Gravmar & The Gravediggers ergra seg over det elendige utelivstilbodet på Bryne og bestemte seg for å ta saka i eigne hender. Dei ville visa at det faktisk er mogleg å arrangera konsert på Bryne utan at det må kosta skjorta for både arrangør og publikum. Eit ynskje om å flytta festivalen frå Hognestad til Bryne førte til at Ingve Lende tok kontakt med TimeOut Funpub, som syns Hoggstock høyrdes ut som ein godt prosjekt.
Skikkeleg PA-anlegg vart leigd inn og plakatar vart hengde opp over heile Jæderen. Totkopf hadde eit namn i området frå før av og vart kveldens headliner, Svenssen Supertruckers og Gravmar & The Gravediggers stod for oppvarminga. Festivalslagordet vart «Rock mot Skalldyr» – ein protest mot Skalldyrfestivalen i Mandal som gjekk av stabelen same helga.
180 personar tykte dette var verdt 50 kroner og tok turen til TimeOut – ein gledeleg suksess som sikra overskot og inspirasjon til neste år.


Hoggstock 2004

Rock mot Gladmat – reelt hat, eller berre eit PR-stunt?
TimeOut avslutta verksemda i løpet av 2003 og Kick Pub & Cafe starta opp i dei same lokala. Etter litt om og men fekk festivalen til eit samarbeid med Kick.
Festivalslagordet «Rock mot Gladmat» (som var sjølvsagt sidan Gladmatfestivalen i Stavanger gjekk av stabelen same helga) vekka interesse i den lokale pressa og sørgja for god merksemd kring arrangementet.
Veret var strålande og publikumsoppmøtet likeeins – over 200 betalande sørgja for nok ein glimrande sommarfest på Bryne!
Band: Svendsen, Totkopf, Gravmar & The Gravediggers, Dead Bisonz og Three Star Hotel.


Hoggstock 2005

Dette året tok festivalen sine fyrste små skritt ut i verda på eiga hand. Bryne Mølle vart leigd av Time Kommune, og festivalen styrte med heile gjennomføringa av det som no hadde vorte ein todagarsfestival. 2005 var og fyrste året festivalen henta inn andre enn dei lokale artistheltane. Mikabomb kom heile vegen frå England!
Nok ein gong vart festivalen ein suksess, folk støtta opp om arrangementet – ca. 400 vitjande – og rekneskapet visste til slutt 20 000 kroner i overskot. Rock-mot-Gladmat-slagordet fekk ein del merksemd i pressa, mellom anna tosiders oppslag i Rogalands Avis der Gladmatsjefen uttalte at han tykte ideen om ein anti-Gladmatfestival var alle tiders.
Band: Mikabomb, Ungdomskulen, Three Star Hotel, Svartmalt, Mad Foxes, Gravmar & The Gravediggers, Totkopf, Dead Bizons, Teeny Grownups.

 

Ranglerock 2006

Festivalen skifta namn frå Hoggstock til Ranglerock, og det etterkvart så faste slagordet Rock mot

Gladmat vart ikkje brukt. Namnebytet var omdiskutert, men festivalleiinga slo gjennom og kravde nytt namn på festivalen. Grunnen? Hoggstock var kanskje eit av dei minst originale festivalnamna i landet. Det er svært sjeldan at idear som oppstår i eit nachspiel er like gode dagen derpå.
Festivalen var godt besøkt på laurdagen, men ikkje fullt så godt på fredagen. Dette gjorde at festivalen gjekk med underskot, men ikkje meir enn at det let seg dekka inn av oppsparte midlar frå tidlegare år.
Dette året prøvde me oss på å arrangera konsert for dei under 18. Ungdomskulen og Mary Me Young skulle stå for konsertane. To (!) unge sjeler møtte opp, og det største fiaskoen i Ranglerock historia var eit faktum. Ungdomskonserten vart avlyst, men dei to ungdomane fekk ein fin kveld då Ranglerock ordna med verge og let dei to ungdomane vera med på festivalen på kveldstid.
House of Lords frå The Young Knives kåra konserten med Ungdomskulen til «The best thing I’ve heard all year» i desemberutgåva av musikkbladet Mojo. Berre det å få festivalnamnet på trykk i eit av verdas største musikkmagasin var nok til å gje oss motivasjon til å dra i gang festivalen i nokre år til…
Band: The Young Knives, Ungdomskulen, Quasimojo, Mary Me Young, Stereo 21, Årabrot, Gravmar & The Gravediggers, Dead Bizons, Svenssen.

 

Ranglerock 2007

Festivalen har etterkvart vorte sjølvsagd, og det meste går nærast på rein rutine for oss som arrangørar. Det som særmerka 2007 var det sterke programmet: Den norske rockekomenten Ida Maria gjesta Mølla, det same gjorde det finske ekteparet i Anssi8000 & Hot Coke, Tønes var der, Helldorado var der, og til og med eit japansk jentepunkband.
I kafeen i Mølla kunne ein for fyrste gong kjøpa noko anna enn øl og sundkokte pølser: 60 kilo av den jærske spesialiteten farse gjekk med i løpet av dei to dagane festivalen vart arrangert. Besøkstala for festivalen var gode, mellom 400-500 billettar vart selt og etter eit dårleg år i 2006 vart det heile snudd på hovudet i 2007.
Band: Ida Maria, Tønes, Rockettothesky, Anssi8000 & Hot Coke, Helldorado, Tønes, Killing Butterflies, Aurora Plastic Monster, eX-girl, Three Star Hotel, Svenssen, Totkopf, Dead Bisons.

 

Ranglerock 2008

Etter suksessen i 2007 følte me for å satsa litt meir. Bandet Two Gallants frå USA var det klart dyraste festivalen hadde henta inn og budsjettet var rekordstort. For fyrste gong klarte Ranglerock å få tak i økonomisk støtte i reine kroner frå Time Kommune, Norsk Kulturråd gjekk også inn med støtte for fyrste gong. På den økonomisk sida såg det lyst ut.
Sjølve festivalen vart den mest vellukka og mest gjennomførte så langt. Det vart satsa på å pynta opp dei litt stusselege lokala i Bryne Mølle og eigne kunstnarar stod for fyrste gong for utsmykking av veggene i kafeen. Festivalen vart svært godt besøkt og Two Gallants leverte det som til no er tidenes konsert på Ranglerock. Vil Art Brut overgå Two Gallants i år?
Band: Two Gallants (usa), The Good The Bad (Danmark), Tønes, The Cheaters, Ungdomskulen, I Was A King, Gerilja, Pirate Love, Hovering Orville, Svenssen, Casiokids, Gravmar & The Gravediggers.

Ranglerock 2009
Kjem!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ain’t no one like….Ronnie Lane!