Spellemann-nominerte Ondt Blod og kanadiske The Burning Hell er dei siste tilskota til programmet for årets utgåve av Ranglerock

Kjøp billett her!

Enn så lenge er dette dei to mørkaste namna på plakaten. Men skinnet bedreg (iallfall delvis). 

Mørkt namn, jovial indie
For musikken bak namna er ikkje mørkare enn at han gjerne kan opplevast som både triveleg og jovial. I alle fall dersom me held oss til den forholdsvis rolege og sjangarmessig nærmast udefinerbare indiemusikken til The Burning Hell.

Mørkt namn, hard metallpunk
Ok, då. Når det kjem til Ondt Blod stemmer kartet meir med terrenget, eller namnet med musikken om du vil. Ondt Blod leverer temmeleg hard og metallprega punkrock. Hell yeah!