Artistane i dagens slepp til årets versjon av den mest alternative musikkfestivalen på Jæren er alle både unge, kreative og lovande. Fieh, Daniela Reyes og danske Baby In Vain er klare for Ranglerock 2018.

Det er ingen løyndom at Ranglerock ønsker å presentera framstormande artistar i startfasen av karriera. Når slike artistar i tillegg er noko av det mest lovande Skandinavia har å by på av kreative og imponerande dyktige livemusikarar, blir dei brått sjølvskrevne for Ranglerock-programmet.

Kjøp billett her!

Men sjølv om artistane bak dei tre namna som no er tinga til Ranglerock har dette felles, representerer dei vidt forskjellige musikalske uttrykk, som spenner frå Daniela Reyes sin lågmælte songar/låtsmed-stil via Fiehs storband-soul til Baby In Vain sin særeigne grungerock.