Johnny Red and the Prayerhouse People (25.04.2017) - 102 kB

Her i bedehusland trivst me best når det er dystert og mørkt. Derfor ser me lyst på det når dei lokale jærbuane i Johnny Red and the Prayerhouse People kjem med sin mørke jæramericana til Ranglerock.

Americana- og folkrockartisten John Gravdal (også kjent som Johnny Red) tek med seg The Prayerhouse People for å prøva å gje ly til forkomne sjeler med deira låter om tru, kjærleik og død. O glede!

Dette er americana og rock i skjønn og rufsete sameining, med heile besetninga korande til sjela vrengast med innsida ut. Bandet slapp sitt første og kritikerroste album, Nothing More Than Clay, i 2016 og har på kort tid etablert seg som eit av dei beste americana-banda her til lands.