Under Jærnåttå 29.-30.mai kan du dette året ta turen bort til Jordbærpikene på M44 og nyta rock, farse og intim stemning etter hovudkonsertane på Bryne torg. Ranglerock samarbeidar i år med Jærnåttå, og skal ha ein eigen Ranglerock-scene under den årlege folkefesten på Bryne.

Klikk her for å kjøpa billett til Jærnåttå!

Det har storma i media etter at Ranglerock tilsynlatande gjekk ut og dissa Jærnåttå i ein video på Facebook. Ranglesjef Bjørn Hagerup Røken tek det heile med knusande ro og kan forsikra alle om at dette bare er ein storm i ein Jærblad-kaffikopp.

– Me har lenge hatt eit ønske om å tilby folk på Bryne kultur også utanom dei to festivaldagane i juli kvart år, derfor kontakta me Jærnåttå og spurte om me kunne få vera med å bidra til å skapa endå meir liv under Jærnåttå. Resultatet er ei eiga Ranglerock-scene under Jærnåttå, seier Hagerup Røken i ei pressemelding som vart sendt ut til rikspressa i dag.

Eit lite stykke Bergen til Bryne
Etter å ha levert varene under Ranglerock tidlegare år, har me invitert Hjerteslag og Hvitmalt Gjerde til å koma tilbake til Bryne for å snikranglifisera Jærnåttå.

Her ser du Hvitmalt Gjerde sist dei gjesta Ranglerock (teksten held fram under videoen):

Begge banda er frå Bergen, og begge framfører tekstane sine på bergensk, men der endar også likskapen. Der Hvitmalt Gjerde er tungt inspirert av sekstitalets surf- og psykedeliarock, har musikken til Hjerteslag røter til eit musikalsk landskap som vart etablert nokre tiår seinare. Debutalbumet, som kom ut tidlegare i år, har levd opp til forventningane bandet skapte etter at det gjorde sitt inntog for den norske musikkbransjen under fjorårets By:Larm. Bandet blir gjerne nemnd i same andedrag som Joy Division, Ebba Grön, John Olav Nilsen & Gjengen og sambygdingane i Fjorden Baby!.

Hvitmalt Gjerde har på si side rokke å gje ut to album. Det siste, Ville Venner (2014), vart i likskap med Hjerteslag sitt debutalbum omtala med dei beste superlativa av musikkpressa. Sist gong den energiske frontfiguren Johannes Fjeldstad og resten av Hvitmalt Gjerde spelte på Bryne, i midten av november i fjor, vart Thime Station omtrent snudd på hovudet, og den ellers så grå og vanlege onsdagen brått forvandla til den gildaste sommarkveld for dei som var der.

(teksten held fram under videoen)

Gjer kvarandre betre
Der Jærnåttå er flinke til å finna dei store artistane som trekk folk til Bryne denne festhelga i mai er Ranglerock gode på å presentera band som seinare kan verta store nok til å spela på hovudscena til Jærnåttå. Saman ønskjer me nå å gjera kvarandre endå betre!

Svenssen-lounge og amerikansk farse
I riksavisene og kulørte vekeblad har det lenge versert rykte om at Svenssen har tatt eit sabattsår, og derfor ikkje vil spela under årets Ranglerock. Dei er foreløpig ikkje å finna på programmet til Ranglerock, men under Jærnåttå vil Svenssen spela heile kvelden! I lokala til Jordbærpikene vil alle anglofile kjenna seg heime medan Svenssen spinn plater, et såkalla amerikansk farsa, også kalla hamburger, og styrtar Ranglerock Pale Ale.

Her får du kjøpt billett til Jærnåttå!