Ranglerock ynskjer at alle som vil skal få rangla i Bryne mølle under festivalhelga. Me vil vera ein festival som er tilgjengeleg for alle og som er godt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne. Om du har behov for tilrettelegging, eller har spørsmål rundt tilgjengelegheit på festivalen, ta kontakt med vår områdeleiar Trine Nesse (trine.nesse@hotmail.com / 995 67 489).

Nedanfor finn du dei tilboda me har knytt til tilgjengelegheit.

UNIVERSELL UTFORMING
Festivalområdet, Bryne mølle, er universelt utforma.

LEDSAGERBEVIS
Alle som har ledsagerbevis, kan få med seg ein ledsager på festivalen. Grunna avgrensa kapasitet i Bryne mølle er det fint om du kan gje beskjed på førehand dersom du har med deg ledsager. Send ein e-post til ranglerock@ranglerock.no.

TRANSPORT OG PARKERING
Det er parkeringsplassar i Storgata rett ovanfor festivalområdet. Det er trinnfri gangveg frå parkeringsplass til inngang.

HC-TOALETT
I kjellaren i Bryne mølle er det HC-toalett. Bryne mølle er utstyrt med heis.

HC-RAMPE
Ranglerock har dessverre ikkje HC-rampe.

TRINNFRI ADGANG
Alle servicepunkt på festivalområdet har trinnfri adgang.

ALLERGIAR OG MATMERKING
Mattilbodet på Ranglerock vert allergimerka på utsalsstaden.