Bli frivillig

Ranglerock er fullstendig avhengig av ivrige frivillige då heile festivalen vert driven på dugnad. Bli med på laget du òg!

 

Send ein e-post til ranglerock@ranglerock.no eller fyll ut dette skjemaet dersom du vil vera med og hjelpa til:

    Kva dag vil du bidra som frivillig?*

    Som frivillig får du

    • først og fremst bidra til at årets Ranglerock blir den beste nokon gong!
    • gratis festivalpass som du kan nytta den dagen du ikkje jobbar
    • årets Ranglerock-t-skjorte
    • personalprisar
    • mat
    • bli kjent med mange nye folk

    Krav til frivillige

    • Du må vera over 18 år.
    • Du møter presis til di vakt i edru tilstand.
    • Om du ikkje møter til vakta di, blir du fakturert for festivalpass.

    Vakttider for ordens- og trivselsvakter og personell i merch-, bar- og matsal
    Fredag 28. juni: 18:00 – 01:00
    Laurdag 29. juni: 18:00 – 01:00

     

    Sjåførar og artistvertar
    Varierande vakttider som vert avtalt med kvar enkelt frivillig.