Hudkreft er ein politisk engasjert Oslo-kvartett du allereie bør ha merka deg. Dei fire medlemmane spelar dønn ærleg pønk, som omhandlar ei rekke samfunnsaktuelle tema. Det finst fleire superlativ som er verde å nemna om desse kompromisslause pønkarane, men dei kan like gjerne oppsummerast i følgande oppmoding: FÅ DET MED DEG!