Great News 2018_Kred_Linn_Heidi_Stokkedal_preview

Det har vore skyhøge forventningar til Bergensbandet Great News det siste året. Noko trioen også har levd opp til gjennom legendariske konsertar på blant anna by:Larm, Bergenfest og Øyafestivalen.

Kjøp billett her!

Tidlegare i år kom endeleg debutalbumet Wonderfault. Etter at Great News debuterte med singelen The Blind og utselt debutkonsert i heimbyen Bergen i 2015, har trioen sleppt fleire kritikerroste singlar, som Love Her, Secrets, Diamonds, Never Get My Love og seinast Told, som alle har hatt tung rotasjon på NRK P3 og P13.

Great News har hausta solide lovord for sine konsertar: “Great News fra Bergen har slett ikke oppfunnet rocken på nytt, men du verden så moro det er når noen vrir og vrenger litt ekstra og presser maks ut av den.” – Terningkast 5/6, Dagbladet.no