Granem er musikkprosjektet til Frode Granum Stang, kor songane tek for seg utanforskap, einsemd, venskap, liv og død. Det norskspråklege tekstuniverset formidlar òg ein djup kjærleik til naturen. Musikken hentar inspirasjon frå mange hald, sjølv om det utan tvil er snakk om vise og folk.

Granem arbeider for tida med nytt materiale, og det er ikkje umogleg me får høyra nokre smakebitar frå dette på Ranglerock. Granem tek med seg Petter Stubberud Tysland til å spela attåt.