A100_preview

Den sjølverklærte power-trioen Friendship, med trommeslagar som frontfigur, starta opp i 2010​, og består i dag av Fredrik Skalstad på trommer og vokal, Sander Eriksen Nordahl på gitar og Martin Morland på bass​.

Kjøp billett her!

Friendship tok namnet etter dei norske pionerane i Junipher Greene, som gav ut albumet Friendship i 1971, og leverer musikk som tar utgangspunkt i groovy og soulprega rock. I januar 2015 varma også Friendship opp for Junipher Greene på Rockefeller i Oslo, til svært god mottakelse.

​Friendship debuterte i 2011 med ein sjutommar, mens debutalbumet Friendship lot venta på seg til 2014. Bandet gav nyleg ut singlane Gypsy og Got Me Feeling So Good, og kjem i nær framtid med album nummer to.