Frida Ånnevik, fotograf Anne Valeur

Det er mildt sagt eit aldri så lite kupp for Ranglerock å ha fått komponist, musikar, tekstforfattar, mottakar av Prøysenprisen, tre gonger mottakar av Spellemannprisen og nå semifinalist i Århundrets stemme, Frida Ånnevik frå Ridabu i Hedmark, til å opptre for ranglarar som fortener å oppleva framifrå livemusikk under årets festival.

Frida Ånnevik har gjeve ut fire album etter debuten med Synlige hjerteslag i 2010, som ho mottok to Spellemannpris-nominasjonar for, og som NRK P1 kåra til «årets beste norskspråklige album». For begge dei to siste albuma hennar, Her bor frå 2016 og Flyge fra frå 2017, mottok ho Spellemannprisen i kategorien Viser.