FLTY BRGR GRL er eit nytt garasjepop-prosjekt basert i Oslo, som vekker same “cool girl energy” som Snail Mail og Soccer Mommy. Sarah Christin Calvert på gitar og Namra Beatrix Saleem på vokal og bass lagar creepye og sukkersøte låtar inspirert av sommar, forelskingar og burgarar.

Duoen har fått positiv omtale internasjonalt. Mellom anna for låta «Slowdance», som premierte hjå det britiske musikkmagasinet Clash, og som i tillegg har blitt lista på NRK P3. Til Ranglerock tek Beatrix og Sarah med seg trommis Ragnhild Nelvik Bruseth, Marcus Anthony Calvert på gitar og Abdi Baisa på bass.