Det er ikkje berre Undergrunnen som vil framføra norske tekstar under årets Ranglerock. Pionerane for den omtala bergensbølgja, Fjorden Baby! vil bidra med skarrande Loddefjord-dialekt når dei til sommaren igjen står på Ranglerock-scena.

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock

Deira siste plateutgjeving, Fjordkloden, vart av VG kåra til årets album i 2013, og det vakte sterke reaksjonar då gruppa ikkje vart nominert til Spellemannprisen same år. I ein artikkel skreiv VG sin journalist mellom anna følgande:

[…] Fjorden Baby! er en sjelden fugl; et temmelig enslig eksempel på norsk band med utpreget britisk smak, som både behersker referansene og gir musikken lokal, norskspråklig koloritt.
Fjorden Baby! er først og fremst formidlere av skrudd romantikk og urban tristesse […]

Bandet gav nyleg ut første smakebit til det komande fjerdealbumet, singelen Igjen og igjen, der vokalist Sturle Kvilekval syng duett med ingen ringare enn John Olav Nilsen.

Musikken deira kan karakteriserast som eksperimentell rock, og glir såleis glatt inn på Ranglerock. Det har blitt drege parallellar til punk og New Wave, samt band som The Clash, Talking Heads, The Aller Værste, Happy Mondays, New Order og Stone Roses.

Forvent både storarta feststemning og drøymande passasjar når desse bergensarane spelar på Vaaland fredag 10. juli.

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock